
POESI
KVIT NORSK MANN
Brynjulf Jung Tjønn / Eirik Havnes / Høstscena
Torsdag 25.9. 10:00 - 14:00
DKS turné - kun for skoleklasser
Høstscena er stolt over å produsere denne forestillingen for DKS Møre og Romsdal. Vi gleder oss til at skoleelever i Ålesund skal få oppleve Brynjulf og Eirik og deres produksjon av fantastisk lyrikk og musikk.
Om produksjonen:
Det er få lyrikkutgivingar i Noreg som har treft så hardt og breitt som Kvit, norsk mann har gjort dei siste åra. I eit nøkternt språk skriv Brynjulf Jung Tjønn om rasisme, identitet og kultur på eit vis som er tilgjengeleg for både ungdom og vaksne. Han skriv dikt om sin eigen oppvekst og sine eigne opplevingar som adoptert frå Sør-Korea til ei fjellbygd i Sognefjorden. I oppfølgaren Norsk kjærleik tar han opp tråden i ein meir forsonande tematikk. Kan han likevel vere glad for at han vart adoptert til Norge? For alt han vil er å vere ein del av landet han har vakse opp i, erkjenne det vonde, men også sjå det vakre. Og kva vil det seie å vere norsk?
På lik linje med at tekstane er tydelege og treffsikre, les Brynjulf Jung Tjønn tekstane sine på ein klar og sober måte som treff ungdom i sin direkte forteljarstil. Eirik Havnes har skrive eit stykke musikk som følger tekstane i ei blanding av abstrakte komposisjonar, lyddesign og feltopptak frå både norske kulturlandskap og storbyar i Asia. Etter kvart kapittel som blir presentert frå bøkene gir små musikalske mellomspel plass og tid for refleksjon over kva ein nettopp har høyrd.
Høstscena er stolt over å produsere denne forestillingen for DKS Møre og Romsdal. Vi gleder oss til at skoleelever i Ålesund skal få oppleve Brynjulf og Eirik og deres produksjon av fantastisk lyrikk og musikk.
Om produksjonen:
Det er få lyrikkutgivingar i Noreg som har treft så hardt og breitt som Kvit, norsk mann har gjort dei siste åra. I eit nøkternt språk skriv Brynjulf Jung Tjønn om rasisme, identitet...
Medvirkende

Brynjulf Jung Tjønn
Forfatter

Eirik Havnes
Musiker